Ingen krig mot Iran!

Den siste tida har USA trappa opp retorikken mot Iran i det som ser ut som ei førebuing på krig. I april blei den iranske Revolusjongarden erklært ein terrororganisasjon. Dette er første gong USA har brukt denne klassifiseringa om ein del av eit anna lands militærapparat.

Ingen krig mot Iran!

Onsdag 15. mai blei ikkje-nødvendig ambassadepersonell evakuert frå Irak, nabolandet til Iran på grunn av «sikkerheitssituasjonen». Tidlegare same månad blei det lagt fram ein oppdatert militærplan på eit møte i det Kvite Huset, kor det står at USA kan sende opp til 120,000 soldatar til Midt-Austen om Iran skulle «utøve aggresjon» mot USA aller amerikanske interesser. Alt dette skjer eit år etter at USA einsidig trekte seg ut av JPCOE (Iran-avtala) basert på påstandar om at Iran ikkje har følgt avtalepliktane. IAEA, som inspiserer dei iranske atomanlegga, avviser desse påstandane.

Det er ei kjent sak at Donald Trumps tryggingsrådgivar John Bolton i årevis har vore pådrivar for regimeskifte i Iran. Den føretrekte metoden er regimeskifte «innanfrå»: at USA gjennom sanksjonar og ulike former for støtte oppfordrar det iranske folket til å gjere opprør mot eige regjering. Samtidig er det god grunn til å tru at krig er eit alternativ «på bordet». Bolton var blant arkitektane bak Irak-krigen, som hadde påstandar om utvikling av masseøydeleggingsvåpen som påskot. Dette var ein ulovleg krig som har tatt mange hundre tusenar av menneskeliv. I ettertid viste det seg at alle påstandar om masseøydeleggingsvåpen i Irak var bevisst bløff. Same propagandataktikk blir no brukt av krigshaukane for å legitimere ein eventuell krig mot Iran. Utan belegg blir det påstått at Iran har brott Iran-avtala og har som hensikt å utvikle atomvåpen, til trass for at Iran i mange år har arbeidd for å gjere Midt-Austen til atomvåpenfri sone, noko Israel sjølvsagt er mot. Påstandar om at Iran «støttar terrorisme» er urimelege, all den tid USA sel våpen til Saudi-Arabia, som har støtta jihadgrupper i Syria og fører ein blodig krig i Jemen.

Det er ikkje nytt at USA har eit spent forhold til den Islamske Republikken Iran. Heilt fram til den iranske revolusjonen av 1979 var Iran blant USAs nærmaste allierte, under sjah (kong) Muhammed Reza, som dreiv ein hardhendt forfølging av all politisk opposisjon. Då sjahen blei kasta i 1979 blei han erstatta av eit styre som er sterkt fiendtleg til Israel og amerikansk påverknad i Midt-Austen. Samtidig blei dei iranske oljeressursane nasjonalisert. Iran har blant dei største oljeressursane i verda, og dette er USA godt klar over. Ein gong tidlegare, i 1953, prøvde Iran under den demokratisk valde statsministar Mohammed Mossadegh å nasjonalisere olja. Den gongen svarte USA med å gjennomføre eit kupp.

Raud Ungdom er mot ein potensiell krig mot Iran. For det første kjem ein slik krig til å bli ein katastrofe for alle involverte. Krigen i Irak varte frå 2003 til 2011 og førte til at hundre tusenar døydde, mange av dei sivile. Krigen i Afghanistan har vart frå 2001 og fram til i dag. Det er svært god grunn til å tru at ein krig mot Iran, med ei dobbelt så stor befolkning, kjem til å bli eit enda større blodbad. For det andre er åtakskrig er ulovleg etter internasjonal folkerett. USA har ingen rett til å gå til krig mot Iran, sjølv ikkje om dei ser sine «interesser i Midt-Austen» trua.

Raud Ungdom krevjer:

Uttalelse vedtatt på Rød Ungdom sitt landsstyremøte 21-23.juni.

Illustrasjonsfoto: Wikipedia