RUs historie

Om Raud Ungdoms historie (trykt i organisasjonshandboka «Revolusjonær praksis» av Are Bøhm (red.), utgjeve av Raud Ungdom og Rebell, januar 2002).

Det er ikkje lett å skrive historie. Tvert imot - det er ganske vanskeleg. Derfor er ikkje dette Sentralstyrets Offisielle Syn på noko som helst. Derimot er det eit forsøk på å oppsummere nokre viktige moment i historia om Raud Ungdom, for kanskje å lære noko. Einkvar generasjon RUarar vil oppsummere historia på sin måte og freiste å forme rørsla i «sitt bilete». Dette er heilt naturleg og ikkje til å unngå, men det kan bli mange pussige oppsummeringar av det. Det einaste som er Sant her, er altså årstala. Alt det andre kan vi diskutere. Det seier seg sjølv at denne puslete artikkelen berre kan ta opp ein promille av alt det fantastiske, utrulege, latterlege og snedige denne rørsla har utretta. Spesielt interesserte får vende seg til offentlege bibliotek eller raude ringrevar.

1960-tallet: Bruddet med SF

Når startar historia om Raud Ungdom? Den pompøse festtalar vil gjerne proklamere at vi står i den same tradisjonen som stod på barrikadane i Frankrike i 1789, bygde Pariserkommunen i 1871 og styrta tsarveldet i Russland i 1917. At det var Våre Forfedre som organiserte den nye norske arbeidarklassen på byrjinga av 1900-talet, og braut med DNA og danna NKP i 1923. Greitt nok, men Raud Ungdom vart ikkje danna før i 1963. Ikkje som Raud Ungdom, men som Sosialistisk Ungdomsforbund. SUF var ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti, som vart danna etter indre splid i Arbeidarpartiet. I 1961 vart kretsen rundt den radikale vekeavisa Orientering kasta ut av Ap. Usemja handla om utanrikspolitikken, atompolitikken og NATO-medlemskapet. Elles var dei ikkje så forskjellig frå Ap. Men mange unge raddisar vart med i det nye SF på denne tida - i mangel på noko betre, skal vi tru Pål Steigan:

«Det var ingen tilfeldighet at radikal ungdom samla seg om SF. NKP var som et ekko av Sovjet i utenrikspolitikken og av DNA i innenrikspolitikken. DNAs knallharde antikommunisme i fagbevegelsen hadde lært NKP å danse etter den sosialdemokratiske pipa. I utøvelsen av klassefredens evangelium kunne de til og med bli mer katolske enn paven. Så hva skulle radikal, søkende ungdom i et sånt parti? Det var like tiltrekkende og sprudlende som det sovjetiske politbyrået. For unge radikalere i 60-åra virka partiet minst like forsteina som den foreldregenerasjonen vi gjorde opprør mot. Sjøl om det fantes mange radikale folk i DNA, var takhøyden så lav at de knapt kunne sitte på huk. Derfor gikk radikal ungdom til SF. Ikke nødvendigvis fordi SF var så glupt, men hvor skulle de ellers gjøre av seg?»

Utover 60-talet vaks det fram ein venstreopposisjon i SF. Og det var særleg ungdomsorganisasjonen SUF som skapte hovudbry for Finn Gustavsen og SF-leiinga. På denne tida skylte internasjonale politiske flodbølgjer over kontinentet og skapte krusingar heilt inn i den norske andedammen. I Frankrike okkuperte studentane universiteta. I Vietnam vann folkehæren FNL stadig nye sigrar over USA-invasjonen. I Noreg erobra arbeidarungdomen høgare utdanning - frå 1950 til 1974 var talet på studentar i Noreg firedobla. Ungdomen som vart vaksne i denne tida kom for seint til å vere med å bygge landet etter krigen. I staden fekk dei innvie byggverket, og ikkje alt i det norske etterkrigssamfunnet viste seg å vere like godt handverk.

Men det var først og fremst dei utanrikspolitiske konfliktane som radikaliserte SUFarane. Dei satte i gang solidaritetsarbeid for Vietnam og støttekomitéar for palestinarane. Dei avviste Sovjet som modell for sosialismen, og vendte blikket mot Mao og Kina i staden. For dei unge raddisane vart Maos kulturrevolusjon eit handfast prov på at sosialismen ikkje nødvendigvis måtte drukne i byråkrati og sentralisme. Ein del SUFarar byrja å lese «dei fem store» - Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao, og kalte seg etter kvart marxist-leninistar. Framleis var mange SUFarar erklærte pasifistar, som dei fleste andre i fredspartiet SF, men dei revolusjonære vart stadig fleire og fekk meir makt i organisasjonen. Særleg brukte dei sommarleirane og dei interne debattorgana flittig i den politiske linjekampen. På SUFs første sommarleir i 1967 stod spørsmålet om «reform eller revolusjon» i høgsetet, og mange av dei 150 deltakarane vart revolusjonære på Tromøya i -67.

Motseiingane i SF var etter kvart blitt for store for partiet, og brotet kom på landsmøtet i februar 1969. Det var kollisjonar og harde ordskifte om mange spørsmål, og landsmøtet bar preg av intens fraksjonisme frå begge fløyer. Den utløysande faktoren vart eit forslag frå høgresida i partiet om å danne eigne ungdomslag for SFarar som sto på SFs program. Avstanden mellom det revolusjonære SUF-programmet, og SFs reformisme var så stor at mange SFarar meinte det måtte opnast for eigne ungdomlag uavhengig av SUF. Dette vart imidlertid oppfatta som ei krigserklæring og førte til at store delar av landsmøtet reiste seg og gjekk - anført av den revolusjonære ungdomen. Utbrytarane marsjerte vidare til eit anna lokale og vart samde om å bygge eit nytt parti. På sommarleiren same år fortsette diskusjonane under parola «Sett Mao Tsetungs tenking i leiinga på alle område». Og på landsmøtet skifta SUF namn til SUF (m-l). Dei revolusjonære hadde vunne SUF og gjekk i gang med å bygge den nye rørsla.

1970-tallet: AKP (ml) blir til

Og det vart litt av ei rørsle! Da AKP (m-l) vart stifta i 1973, skifta SUF (m-l) namn til Raud Ungdom. RU skulle bli ein masseorganisasjon - ein kampfront for revolusjonær ungdom og ein rekrutteringskjelde for partiet. Da ungdomsopprøret kom (litt forseinka - som alt anna) til Noreg, fanst det allereie eit revolusjonært miljø som stod parat til å ta imot alt raseriet og engasjementet. Ml-rørsla vart stor. Dei organiserte elevstreikar, husokkupasjonar og studiesirklar. Dei laga dagsavis, forlag og plateselskap. Dei dreiv solidaritetsarbeid for Vietnam, Palestina og Afghanistan. Dei stod bak ulovlege streikar, kasta stein på den amerikanske ambassaden og samla svære 1. maitog «på klassekampens grunn».

Det nyoppretta Sosialistisk Valforbund ville ikkje ha med AKP i valsamarbeidet. I tillegg ville ikkje Kommunaldepartementet godkjenne AKP som partinamn. Derfor vart Raud Valallianse skipa i 1973, som eit valsamarbeid mellom AKP og «uavhengige sosialistar». RV hadde ein breiare plattform enn partiet, og mange av drivkreftene stod utanfor AKP. Likevel hadde AKP alle formelle rettar til å bruke RV-namnet og leiaren i AKP var automatisk også leiar for RV. Den nye valalliansen stilte lister i fleire og fleire kommunar og vart representert i kommunestyre og fylkesting over heile landet.

Ml-arane vart med kvart ei politisk kraft som ingen kunne stille seg likegyldig til. Og mange på toppen av det politiske etablissementet såg openbart den raude rørsla som ein trussel. Først mange år seinare, i 1996, skulle Lund-kommisjonen dokumentere at AKP, RV og RU var overvåka og ulovleg registrert frå første stund. Tabloidavisene kjørte beinhard krigstypekamp mot «ekstremistane» og gav den unge rørsla mykje blæst.

Men det var ei underleg rørsle. På den eine sida la dei stor vekt på å bygge på den norske klassekampens grunn - dei jobba i breie organisasjonar, mobiliserte masse folk og la vekt på å analysere det særeigne ved det norske samfunnet. På den andre sida var dei maoistar - sterkt påverka av «dei sosialistiske fyrtårna» i Kina, Albania, Kampuchea. Dei hadde «kjøpt» marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking som ei bortimot allmenngyldig oppskrift på revolusjonær kamp. Parallelt med den folkelege arbeidsforma utvikla det seg dogmatiske og sekteriske trekk. Kombinert med ein hardhendt diskusjonsstil og ein ekstremt oppofrande internkultur, fekk dette mange hårreisande utslag. Inspirert av «dei sosialistiske fyrtårna» var det nære på at AKP vedtok at homofili var eit borgarleg fenomen som ville forsvinne under sosialismen. Mange medlemmar opplevde eit hardt press på å gjere «dei riktige tinga» og oppføre seg «i tråd med linja». Det mest typiske utslaget av sekterismen i ml-rørsla kom i 1975 med «kampanja mot høgreavviket». Det var sentralkomitéen i AKP som satte i gang kampanja med dokumentet «Teser om høgreavviket». I tesene vart det oppsummert at ml-rørsla hadde hatt eit høgreopportunistisk avvik - veik partidisiplin, dårleg studiearbeid, undervurdering av arbeidarklassens rolle og eit alt for venleg forhold til SV. Avviket skulle knusast med harde slag, store ord og kampanjer. AKP bytta partiformann og erklærte SV som «den taktiske hovudfienden» ved valet i -75. Dei lærde stridast framleis om bakgrunnen for kampanja mot høgre - mange meiner det var heilt riktig å kritisere utviklinga av rørsla tidleg på 70-talet. Dei fleste er imidlertid samde i at kampanja førte med seg mykje skadeleg sekterisme.

I eit desperat forsøk på å vere enda meir radikal enn partiet, lagde leiinga i Raud Ungdom sine eigne «teser». Her vart det «avslørt» at det fantes eit revisjonistisk høgreavvik også i ungdomsforbundet. Den forsonlege linja i høve til SUV vart oppsummert som spesielt ille. Det var dessutan borgarleg å gå på yrkesskole, i staden for å gå rett inn i industrien. «Tesene» var så ille at dei umiddelbart vart inndratt av AKP-leiinga, men kampanja mot høgre heldt fram. Raud Ungdom mista mykje av tilliten organisasjonen hadde i ungdomsmiljøa og utvikla ein brutal internkultur med «harde slag», jerndisiplin og kommandometodar. Denne ekstreme organisasjonskulturen skulle ml-rørsla sjølvsagt få svi for seinare, men i første omgang førte «kampanja mot høgre» faktisk til eit oppsving. Raud Ungdom gjennomførte ein storstilt vervekampanje, og i 1976 var rørsla sterkare enn nokon gong - økonomisk, politisk og organisatorisk. Det politiske grunnlaget var klokkeklart og tilliten til leiinga grenselaus.

Men det kunne ikkje vare. Ml-rørsla var blitt så stor og disiplinert at ho på mange vis gjekk for eiga maskin. Ho var ikkje i så stor grad som tidlegare avhengig av å mobilisere breitt utanfor seg sjølv, men kunne drive fram svære kampanjer på eiga hand. Samtidig vart dei reaksjonære åtaka på ml-rørsla verre. Politivolden, overvakinga og trakasseringa nådde eit klimaks da det small ei bombe på Oktober bokhandel i Tromsø i 1977. Mange i og rundt AKP meinte at faren for ein ny, stor verdskrig var større enn nokon sinne. Desse forholda førte til ei stram tryggleikslinje både i partiet og i Raud Ungdom. Ml-rørsla «lukka seg» meir for omverda - store delar av leiinga var til dømes hemmeleg.

1980-tallet: Sammenbrudd og kvinneopprør

Det er ei vanleg oppsummering at nedturen for ml-rørsla tok til i 1977. Erik Solheim og SU gav ut boka «Oppgjør med AKP», Albania braut med Kina og resultatet vart ideologisk forvirring. Spørsmål som verka enkle i medvinden frå -76 verka uløyselege i motbakken eitt år etter. Svaret på dei store ideologiske utfordringane vart meir «aktivisme». I staden for å gå inn i dei vanskelege ordskifta og studere utviklinga, reiste RU paroler mot politivold og karakterar. Ml-arane nekta å innsjå at medgangsbølgja var over. I staden peisa dei på med utopiske arbeidsplanar, tallause kampanjer og krampeaktig aktivisme - basert på forestillinga om at revolusjonen var like rundt hjørnet. Mot sluten av 1970-talet var Raud Ungdom og resten av «familien» i ei djup krise. Det fantest ingenting å sette «i staden for» Mao Tsetung, som døydde i 1976. Tillitsfolk og kader i alle ledd flykta frå det synkande skipet. Og det var først i byrjinga av 80-talet at dei verste høla i skroget vart tetta. Raud Ungdom innsåg omsider at terrenget hadde endra seg. Organisasjonen var svekka - ambisjonsnivået måtte senkast. Bjørgulv Braanen var leiar for Raud Ungdom på denne tida. Ved Raud Ungdoms 20-årsjubileum oppsummerte han stoda slik.

«En riktig linje for en utvikling av Rød Ungdom i 80-åra måtte ta hensyn til at situasjonen rundt ml-bevegelsen hadde forandret seg. Ungdomsopprøret fra 70-åra var forbi. Den framtidsoptimismen som preget 70-åra var forduftet. Den nye situasjonen la grunnlag for pessimisme og individualisering blant ungdommen. Å rekruttere ungdom til en revolusjonær bevegelse var langt vanskeligere enn før. Å vinne oppslutning om sosialisme var overmåte mye vanskeligere enn på begynnelsen av 70-tallet».

Sjølv om Braanen skreiv dette i 1983, kan det godt stå som ei oppsummering av heile tiåret som fulgte. Rørsla sleit i motgang - mot høgrebølgja, mot individualismen og mot rustne fyrtårn og gamle illusjonar som fall saman for eit godt ord. Utover 80-talet prioriterte Raud Ungdom skolering og studier. Det vart ei viktig oppgåve å bygge ei ny kaderkjerne etter utmeldingsraset på slutten av 70-talet. Dei leste marxistisk litteratur og skipa til studiesirklar for å legge grunnlaget for ny vekst. Hovudtyngden av arbeidet vart retta inn mot gymnasiastar og skoleungdom. Men det var heile tida strid om kva Raud Ungdom skulle vere. Kva var viktigast - «brødkrava» eller dei ideologiske ordskifta? Var det pønkarar eller «vanleg, streit ungdom» som var målgruppa? Som mange andre på 80-talet sleit Raud Ungdom med å «finne seg sjæl». Dei overordna motseiingane om kva slags organisasjon RU skulle vere, førte til usemje i mange andre spørsmål, særleg i skolepolitikken.

Samtidig vaks det fram ein kritikk av AKP. Mange meinte at moderpartiet blanda seg for mykje inn i arbeidet til Raud Ungdom, men delvis vaks det også fram politiske motseiingar - både i oppsummeringa av dei sosialistiske forsøka og synet på revolusjonær organisering. Det vaks fram ei sterk sjølvstendighetslinje i Raud Ungdom, som krevde å sjølv få avgjere organisasjonens framtid uavhengig av kva moderpartiet måtte meine. Men Raud Ungdom var framleis ein skjør organisasjon. Mange av kadrane var gamle, dei sleit med rekrutteringa, og framleis var det mykje usemje om utviklinga av organisasjonen. Motseiingane vaks også fram blant dei voksne revolusjonære og mot slutten av 80-talet spissa det seg til. Berlinmuren fall, Sovjetunionen gjekk i oppløysing og kommunismen vart erklært daud over heile kloden. Det kinesiske fyrtårnet hadde slukna ein gong for alle. Den fordums mirakelmedisinen marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking hadde mista den magiske effekten, og kunne ikkje lenger forklare alle problema dei revolusjonære stod ovanfor.

Samtidig bar rørsla preg av forgubbing i alle ledd. På 80-talet gjorde kvinnene opprør mot mannsdominansen i partiet. Det starta i det små, tidleg på 80-talet, med eit par helgeseminar om politisk økonomi i regi av kvinneutvalet i AKP. Deltakarane gjekk laus på sentrale spørsmål i den marxistiske økonomien, med sikte på å finne ut kva for særeigne utslag kapitalismen hadde for kvinnene. Jorun Gulbrandsen var sentral i dette arbeidet. Ho oppsummerer:

«Det at vi studerte aleine - utan mennene - var veldig bra. Vi slapp å ha nokon rundt oss som visste betre. Vi kunne bruke dei felles erfaringane våre til å stille spørsmål og finne svar».

Dei særeigne kvinnestudiene var ein viktig bakgrunn for opprøret som vaks fram utover 80-talet. Like viktig var framveksten av Kvinnefronten. Gjennom konkret feministisk praksis og kvinnepolitiske diskusjonsfora utanfor partiet styrka kvinnene seg politisk. I 1983 kom idéen om eit kvinnepolitisk sjølvtillitskurs for kvinnene i partiet. Året etter vart «bøllekurs»-konseptet lagt fram og «opphavskvinna» Kjersti Ericsson vart den første kvinnelege leiaren i AKP. Samtidig kom nye paragrafar inn i vedtektene: Det skulle vere 50 prosent kvinner i leiinga på alle nivå, kvinnemishandling vart erklært uforeineleg med partimedlemskap. Kvinnene greip makta i AKP og satte i gang eit intern jenteopprør som framleis er eit viktig organisasjonsprinsipp i den revolusjonære rørsla. Bøllekursa vart enormt populære, og er i dag ein uvurderleg del av arbeidet til både AKP og Raud Ungdom. Sidan starten i 1984 har omlag 15 000 damer og jenter i og utanfor rørsla deltatt på bøllekurs, og bøllerørsla lever vidare.

I forkant av AKP sitt landsmøte i 1990 var det klart at «noko» måtte skje. Gjennom heile 80-talet hadde det gått diskusjonar om sjølve det politiske grunnlaget for rørsla. Opposisjonen gjekk til åtak både på ml-teorien, den «leninistiske» partimodellen og synet på «dei sosialistiske forsøka». Mange av kritikarane hadde bakgrunn frå parlamentarisk arbeid i RV, og syntes AKP-leiinga la for lite vekt på denne delen av arbeidet. RV, som i utgangspunktet berre hadde vore AKP sin valfront, hadde etter kvart fått ein del sjølvstendig aktivitet og stadig fleire RVarar såg RV - ikkje AKP - som sitt politiske prosjekt. Ordskiftet som pressa seg fram var ikkje mindre enn at det handla om framtida for den revolusjonære rørsla i Noreg. Motseiingane framfor landsmøtet hadde krutt nok i seg til å ende med brudd mellom fløyene. Men utfallet vart kompromiss på alle kantar. «Marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking» vart erstatta med «den rike marxistiske teorien» som grunnlag for AKP i programformuleringane - til og med ml-parantesen i partinamnet måtte vike. Landsmøtet vedtok ein krass kritikk av Stalin, luka ut den omstridde formuleringa om «proletariatets diktatur» og mjuka opp vedtektene. I tillegg ga AKP frå seg alle særrettar til RV-namnet og opna dermed for særeigen RV-organisering uavhengig av AKP. Heile landsmøtet bar preg av forhandlingar og kompromiss mellom godt organiserte fraksjonar, og bruddet vart unngått. Men mange av dei politiske motseiingane vart med over i det nye sjølvstendige RV - kor dei lever vidare den dag i dag. Raud Ungdom vedtok å vere ungdomsorganisasjonen til både AKP og RV, og vart dermed eit ekte skilsmissebarn.

Men rabalderet var ikkje over. NKS var tidleg ute med å kritisere «høgredreiinga» etter landsmøtet, og fristilte seg frå partiet. Tromsø Raud Ungdom kasta korta umiddelbart. Og på ein lagsleiarkonferanse i februar -91 meldte nesten heile sentralstyret seg ut av Raud Ungdom. I tillegg gjekk mange av medlemmane i Oslo og Akershus ut og danna gruppa (ml), og i Bergen starta utbrytarane RUF. Raud Ungdom satt ribba tilbake med tre sentralstyremedlemmar og ei handfull lokallag. Kompromisset i AKP hadde nesten utradert ungdomsorganisasjonen. Frå landsmøtet i 1992 starta eit møysommeleg arbeid med å gjenoppbygge Raud Ungdom. Saman med AKP vart det satt i gang studiesirklar og vervekampanjer for å få organisasjonen på beina att. Fram mot EU-kampen i -94 greidde nokre få unge aktivistar, med støtte frå AKP, å gjere Raud Ungdom til ein landsfemnande organisasjon igjen. Det «nye» Raud Ungdom kasta seg inn i EU-kampen og gjorde ein viktig aktivistinnsats for å halde Noreg utanfor. Mange nye medlemmar kom til - politisert og radikalisert av EU-debatten. Frå å vere ei lita kjerne av aktivistar i Oslo, var Raud Ungdom i ferd med å utvikle sterke miljø fleire plassar i landet.

1990-tallet: En ny vår

I Trondheim vaks det fram eit RU-miljø som etter kvart kom i opposisjon til leiinga i Oslo. Mange av dei fremste AKP-kritikarane frå AKP/RV-striden hadde hovudsete i Trondheim, og RUarane i her hadde ikkje den same trua på AKP som dei dominerande aktivistane i Oslo. Det vaks fram ei sjølvstendighetslinje som fekk stadig større oppslutning i heile Raud Ungdom. På landsmøtet i -96 var det store motseiingar om strategien for å bygge organisasjonen. Skulle RU styrke seg politisk og heve det politiske nivået, eller var det viktigare å verve nye medlemmar? Landsmøtet resulterte i Raud Ungdoms første strategidokument, som la stor vekt på å bygge solide organisasjonar lokalt, styrke dei tillitsvalde politisk og bli ei leiande kraft for heile venstresida. I tillegg var det usemje om strategi i den antirasistiske kampen og linjeval i jentekampen - motseiingar som gjekk på tvers av dei andre skillelinjene i RU. Landsmøtet tok klart avstand frå voldsromantikk i den antirasistiske kampen, og gjekk inn for å skipe ein ny jenteorganisasjon - uavhengig av Kvinnefronten og Ottar.

Utover 90-talet spelte Raud Ungdom ei avgjerande rolle i mange frontorganisasjonar - SOS Rasisme, Aksjon mot Sal av Kropp, Norsk Målungdom, Ungdom mot EU, Natur & Ungdom og Solidaritetskomitéen Kurdernes Venner. Det vaks fram sterke jentepolitiske miljø som mellom anna vidareutvikla bøllekursa frå 80-talet og starta massive aksjonar mot Hennes & Mauritz - ganske uavhengig av konfliktane mellom dei «gamle» kvinneorganisasjonane. Samtidig vaks organisasjonen - sakte, men sikkert. Dei politiske motseiingane gjekk på kryss og tvers, men i mange spørsmål stod striden mellom den AKP-kritiske «trønderlinja» og fleirtalet i Oslo. Begge fløyene var representert i sentralstyret frå midten av 90-talet, og det var til tider eit svært høgt konfliktnivå i leiinga. Uroen toppa seg på landsmøtet i -98, med to leiarkandidatar og harde fløykampar. Den uavhengige linja «vann» landsmøtet, men ettersom nye folk kom til og organisasjonen konsoliderte seg politisk, kom motseiingane i bakgrunnen.

På tampen av 90-talet stod Raud Ungdom bak store demonstrasjonar for lik rett til utdanning og gratis lærebøker i mange norske byar. Nye medlemmar kom til, og det utvikla seg eit sterkt behov for å formulere eit konkret alternativ til kapitalismen og gjere opp med delar av det gamle ml-dogmet. Samtidig var det teikn til ny radikal offensiv - ein ny form for internasjonal motstand var i emning. Mest synleg var dei enorme demonstrasjonane mot toppmøta i EU, WTO og IMF og framveksten av den systemkritiske Attac-rørsla.

Raud Ungdom satte i gang ei omfattande studiekampanje i heile organisasjonen, med mål om å snekre ein truverdig visjon for framtidas sosialisme. Dokumentet «Ein sosialisme for vår framtid» vart vedtatt av landsmøtet i 2000. Resolusjonen tok avstand frå alle idéar om «sosialisme ovanfrå», både det sosialdemokratiske blindsporet og den byråkratiske eittpartisosialismen, og hevda prinsippet om at ingen sosialisme er muleg utan folkestyre. Landsmøtet markerte på mange måtar innleiinga av ein ny fase for Raud Ungdom, meir politisk sjølvstendig enn nokon gong - og med mykje å bidra med i kampen for opprør, revolusjon, sosialisme og folkestyre. Om 40 nye år veit vi korleis det gjekk.